Scandinavisk Cup Falun og uttak til U23-VM

Sesongens andre Scandinaviske Cup runde vart gjennomført i Falun denne helga. Viktige uttaksrenn til U23 VM og til ny WC runde.

Helga starter med 10km fri på fredag. Her leverer Marte Mikkelsplass og Runa Ulvang to meget gode renn og blir henholdsvis nr 12 (3 i U23 klassen) og nr 17 (5 i U23). Anna Heggen og Mikael Gunnulfsen leverer to gode renn, men med stavbrudd og fall, ramlar dei på resultatlista.

Klassisksprint på lørdag. Utfordrande forhold, mykje snø og lurvete spor. Me hadde fire løpere til start, Anna Heggen, Mikael Gunnulfsen, Mattis Stenshagen og Amund Korsæth. Alle fire kvalifiserer seg til kvartfinale. Amund Korsæth vinner sin kvartfinale overlegent, medan dei andre ryk ut i sine kvartfinaler. Amund får ein dårlig start på sin kvartfinale med fall, og dermed stoppar han i semifinalen. Ein dag litt under paret for oss.

Søndag var det 30km klassisk fellesstart. På start hadde me Runa, Marte, Anna, Mikael, Mattis, Amund og Eirik Mysen Brutal tremil under brutale forhold, 0 grader og snø/regn. Gutane får ein god start og er med i teten. Amund blir med ned i ein kræsj ut på andre runden, og mistar skia på den neste, og blir med det hekta av. Mikael og Mattis er med i tetfeltet heile vegen inn. Begge kjempar om seieren til siste stavtak. Mikael går inn til ein sterk 3.plass, og Mattis like bak på ein 6.plass.

Jentene får ein ok start. Marte og Runa blir etter ca 13km takla av ein kameramann som har vikla seg inn i løypa, Runa må desverre bryte løpet etter kræsjen, Marte går videre, men får løpet ødelagt. Anna Heggen blir vår beste jente på ein fin 17.plass i livets fyrste 3mil.

Smøreteamet vårt med smøresjef Even Kristoffersen samt Gjermund Knotten og Kjetil Olsen fekk tøffe arbeidsforhold i helga, men løyste utfordringane meget godt. Fyrst på stadion og sist heim, hardt arbeid og ulike spisskompetansar gjer at me har eit A-lag i smørebua.

Alt i alt ei helg med mykje bra og eindel knall og fall. Utøvarane er i bra form, og NM på Vind kjem allerede fyrstkommande helg.

Johannes Flaaten var ikkje med i helga, og har vore heime å forbereda seg til NM. Guro Jordheim og Kari Øyre Slind er under opptrening etter lengre sjukdom/skadeavbrekk. Og satsar på å komme sterkt tilbake utover sesongen.

Etter helga vart Amund tatt ut til å representere Norge under U23 VM i Whistler, Canada. Mesterskapet er i perioden 28.01-04.02.23. Amund er tatt ut til sprint klassisk (29.01), og 20km klassisk fellestart (31.01). Dette har vore ein klart mål for Amund denne sesongen. Laget er stolte og ønsker han masse lykke til

Torstein H. Dagestad, Trener TAD Allround

Previous
Previous

Ski Classic Engadin, La Diagonela - Seier og pallplasser!

Next
Next

Lagets første seier i Ski Classics