NM Del 2 - Tolga

NM del 2, på Tolga, satt punktum for allroundsesongen 2022/2023. Tre konkurransar, teamsprint, 5/10km klassisk og det heile blei runda av med tre og femmila. Tropp: Mikael, Amund, Eirik, Guro og Runa.. Noko redusert tropp desverre til dette mesterskapet. Sjukdom og skadar sett ein stoppar for både Mattis, Johannes, Kari, Anna og Marte.

På mesterskapets fyrste dag, var det teamsprint. Klubbenes dag! Guro gjekk fyrste etappen for Kjelsås sitt fyrstelag, saman med makker Sigrid Føyen. Dei kvalifiserte seg til finale, og vart nummer 8 i finalen.

Torsdag var det 5 og 10km klassisk. Sol, blå himmel og trikkeskinner, satte rammene for ein flott dag. Med nesten 300 jenter og 500 gutar, både juniorar og seniorar, på start! Me hadde Runa, Guro, Eirik, Amund og Mikael på start. Guro blir nr 30, og Runa blir nr 90 totalt.
På guttesida gjer me ein solid laginnsats og får alle inn topp 20. Mikael tar sin fyrste NM medalje i karrieren, kun slått av Johannes Klæbo, og Simen Hegstad Krûger. Eirik og Amund blir hhv, nr 16 og 20.

Langrennssesongen avsluttar på tradisjonelt vis med tre og femmila. Guro går ei bra tremil og endar som nr 21 tilsutt. Runa må desverre bryte etter luftvegsproblem. Gutane får også ei tøff 5mil. Amund åpnar fornuftig, går seg oppover og blir nr 24. Eirik har ein tung dag på jobben og blir nr 53. Mikael slit med kramper tidlig, men går seg oppover mot slutten og blir nr 10. Han sikrer med det sammenlagtseieren i Norgescupen framfor Jan Thomas Jenssen og Gjøran Tefre.

Torstein Dagestad, trener allround

Previous
Previous

Årets beste lag i Ski Classics og dobbeltseier

Next
Next

Folkefest i Holmenkollen og Norgescup på Veldre Sag